I går var eg på bokhandelen. Kika litt på kjende verk, men for meg i ukjend språkdrakt. Kjøper eg ein roman på spansk no, er eg slett ikkje i stand til å få med meg innhaldet. Sjølv om eg har lese Stieg Larsson-bøkene på norsk og sett filmane, ville det neppe blitt ei god leseoppleving å lesa bøkene oppatt på nytt på spansk. For dei fins i spansk oversetjing.
Eg må gå til hylla for Extranjeros.
Undervisningsverket skulen min bruker heiter Prisma- metodo de espanol para extranjeros. Extranjeros? Kven er dei? Å ja, det er jo eg som er utlendingen! Den siste månaden har eg med jamne mellomrom teke meg sjølv i å nynna på Sting- klassikaren Englishman in New York. Det er dei små ulikskapane som samla utgjer dei store forskjellane.
I Cadiz er det mange extranjeros. Mange Erasmus-studentar, har møtt nokre av dei på intercambio onsdagar. Ana frå Barcelona står bak ideen med at kvar onsdag kan dei som vil koma til ein kafe i byn. Der er opplegget lite avansert: ein time snakkar folk med kvarandre på spansk. Deretter er det ein time med engelsk. I går var me rundt 30. Eg kom meg heilskinna gjennom ein time med spanskprating, men det kjendes som ein av dei legendarisk harde dobbelttimane med gym på Sagatun. Kva snakkar ein om når ein ikkje har noko å snakka om? Når ein skal konversera med nye folk ein ikkje veit noko om, på eit språk ein ikkje kan?
1. Vêret- bankers
2. Kor er du frå, kvifor er du i Cadiz?- også nokså lett å svara på, har pugga inn nokre frasar
3. Kva gjer du på til dagleg? Kvifor? Studerer, jobbar... Her blir det litt vanskelegare. Vurder eit glas vin...
4. Kva gjer du på fritidar? Hobbyar, andre reiseplanar... Lettare igjen. Skulen set si ære i å læra oss konversasjon om likes and dislikes. Me gusta... Me no gusta... Me encantan.. Me gustaria voy a...
5. Forskjellar og likskapar mellom Cadiz og staden/landet du er frå.
Så er omtrent mitt vokabular oppbrukt. Eg leitar febrilsk i hjernen etter nye verb å fletta setningen rundt. Eller i det minste eit adjektiv for å beskriva noko på ein fiffig måte. Det var jo så lett å finna spanande adjektiv når me laga adjektivhistorier i barndommen. Dei dukkar opp, men eg har ikkje sjans til å hugsa om dei er passande eller ikkje. Lukka er stor når eg kan pusta ut og engelsken kan starta. Her er det litt meir å leika seg med. Samtalen kan heva seg til høgare nivå. Eg er verkeleg ikkje god i engelsk, men som for nordmenn er engelsk ein del av kvardagen. Det er fascinerande at eg her er i stand til å uttrykka meg i overført betydning, at verbbøyinga er sånn nokolunde og at eg ikkje treng tenka på om eg skal seia " eg er, ho er eller dei er" før eg snakkar.
Extranjerosane på intercambio er alle spanande personar i alle aldrar. Studentar, lærarar, servitørar og visstnok skal det vera ei spansk journalistdame der også. Har ikkje møtt ho enno. Det slår meg at eg veit forbløffande lite om dei andre landa og byane folk kjem frå. Snakka sist med tre jenter frå Tyskland. Kva veit eg om Tyskland i dag? Ingenting! Krigen blir alltid feil å snakka om. "Kvar var bestefaren din 9. april 1940, liksom?" Kva anna?
Derrick! Å snakka om Derrick på spansk med nokon som er ca 22 år er nok ikkje å skyta blink. Kan eg noko om Polen då? Eg var i Krakow i haust. Kan dermed redda meg inn med litt fakta om byen og seia "Me gusta mucho" med god samvit. Men meir? Forureining, Lech Walesa, triste bygningar og togturar gjennom landsbygder i forfall? Eg bur med ei frå Tjekkia. Står ikkje betre til med kunnskapane mine her. Var vel noko opprør der på 60-talet? Eine delen av det som før var Tjekkoslovakia. Tre nøtter til Askepott. Dei er vel med i EU? Eg veit ingenting sikkert. Har berre stressa på togstasjonen i Praha, nada mas. Eg skammar meg litt.
Trøysta er at eg får mange interessante spørsmål tilbake: "Norge... Kva språk snakkar dei der? Eg har aldri møtt nokon frå skandinavia med så mørkt hår. Du ser italiensk ut". "-10 grader? Eg ville døydd" Og: "Går det an å bu ein stad med berre 6-7000 innbyggjarar?
Verket "Espanol lengua extranjera Verbos- modelos de conjugacion practicos regulares e irregulares" lengtar etter å bli opna. Det var min fangst på bokhandelen. Hylla for extranjeros på bokhandelen var forbehelde grammatikkbøker og eit par språkopplæringshefter. For eg er framleis og vil alltid bli ein exranjero her. Og eg likar det. Å vurdera og bli vurdert på ein heilt anna måte enn heime. Og å i små drypp få ny kunnskap om kultur og språk som er vestleg, men likevel heilt annleis enn min eigen.
Ventar ikkje å knekka koden, men likar å lirka litt i låsen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Moro å vera utlending, det er liksom litt meir avansert og vidarekomen versjon av det å vera turist. Og å få innblikk i andre kulturar – I like. Og å snakka engelsk, me er driiiitgode på det her på bjerget;-) Hehe.
SvarSlettOg ja, Tsjekkia er med i EU, men brukar ikkje Euro.
Kos deg vidare i Spanien:-)
Så der var du! I Spania og altså på ny blogg. Oppdaget den takket være tips fra Carina. Håper du har det kjempefint!
SvarSlettHei! Her er eg, ja:) Har det kjempefint, Brita:)Takkar for oppdatering om Tsjekkia- trur mine europakunnskapar treng grundig revisjon og oppgraderingar!
SvarSlettHerleg! Eg syns det verkar som mange frå andre lånd veit meir om Norge enn eg nokosinne vil vite om deira land. Kosleg å vera i låndi du onkel reisende Mac typen :D
SvarSlettsyst