Eg lurer på kva utlendingar som skal læra norsk tykkjer er vanskeleg for dei? På spansk blir alle verb bøygd i personar og tid. "Eg går" er voy medan om det er du som går, nyttar ein vas. Verkar unaudsynt for meg som norsk, men samstundes treng ein vanlegvis ikkje ta med dei personlege pronomena når verba er bøydde slik.
Innimellom filosofering over språklege utfordringar har eg rukke å gjort andre uregelrett ting. Som å jogga på Playa de la Victoria, den lengste av strendene her og ut til Castillo de San Sebstian, festningen på piren ut i havet. Ja, veit det er temmeleg klisje... I går var det nesten påskevêr, slik at ein føler ein må vera ute i den sterke sola, men beheld hua trygt på.
Laurdagskvelden vart nytta til å sjå film. Hugh Grant i nok eit romantisk drama. Dubba sjølvsagt. I selskap med x antal koppar te. Eg er visst blitt tedrikkar av rang her nede. Men det er mest for å halda varmen.

Ser for meg at det var noko baywatchsk over den joggeturen;-)
SvarSlettMen elles enig i at uregelrette verb er unødvendige, men likevel såååå nødvendige!! Min erfaring er at pugging er det einaste som hjelp, å leita etter ein logikk er som regel nytteslaust.
Trodde "saber" var "å vite" jeg, men hva vet vel jeg egentlig... Ellers er vel norsk et av de aller letteste språkene å lære, i følge min svigersister (som snakker fem språk)... men det er sikkert litt pes med dialekter og kj og skj og sj og den slags. Som ikke minst nordmenn sliter med!
SvarSlettJa du joggar på strender,medan vi joggar frå A til B for å halda varmen.Du får stå på med pugging og jogging.vi ventar i spenning på neste rapport.
SvarSlettDu har heilt rett om saber! Det betyr både å vite og å kunne!For å gjere forvirringa total liksom:)
SvarSlettBaywatch var å ta litt i, men likar tanken- hohoho!