mandag 4. januar 2010

Me gusta Bruce Springsteen

I dag var audmjukinga total.

Eg trudde eg visste kva regn var. Eg trudde eg hadde opplevd torevêr og vind. Men dag tidleg då eg traska optimistisk til min første skuledag på språkskulen regna det verkeleg. Regnjakka var sjølvsagt med i bagasjen og eg veit jo at kysten kan vera temmeleg fuktig uansett kvar i verda ein er. Men eg er kjempeglad i taxisjåføren som plukka meg opp ein plass ved togstasjonen. Han fekk ein del tips:)

På skulen er det framleis jule -og nyttårsmodus. Fekk forklart at det ikkje er særleg studentar der denne veka på grunn av Heilage tre kongardag som er onsdag og at det enno er tidleg på året. Derfor var det berre eg- som presenterte meg temmeleg eindimensjonalt: "Eg er Renate frå Noreg. Eg likar pizza, Bruce Springsteen, fjell, ski, film og arbeider som journalist". Og så er det Jane frå Skottland. Ho hadde større vokabular, trur ho jobba i sosialdepartementet i London og var temmeleg meir bereist og språkbegava enn meg.





Etter skulen prøvde eg oppnå kontakt med dama i billettluka på katedralen. Eg gjorde meg forstått trur eg og i tårnet var det super oversikt over by og hav. Masse hav:) Det fine med denne årstida er at det nesten ikkje er turistar her. Ingen kø ved dei typiske serverdigheitene. Var innom turistkontoret for å få meg nytt kart- mitt vart blautt i dag tidleg. Der kunne dei fortelja det er lite å gjera og at dei arbeidde med statistikken for i fjor. Eg blei sirlig registrert som norsk og at behovet mitt var kart:)





På dagens handlerunde vart det innkjøp av vatn på min lokale brød og kakebutikk, panaderia. Det kan visst drikkast frå springen, men luktar sånn klor at eg inntil vidare satsar på kjøpt vare. Det ser ut til at eg må nytta dei tilsette på den butikken til å testa ut spansken. I går då eg var innom snakka eg berre engelsk. I dag framførte eg mitt bodskap på nestenspansk. Framgang?

Det viser seg at denne byen har fleire stader med trådlaus, gratis internett-tilgang utandørs. Det er ein utruleg fin ting for oss turistar- og for så vidt andre. Denne byen har 30 prosent arbeidsløyse etter finanskrisa. Og i følge spansklæraren er bustadprisane svært høge. Då er det jo fint noko kan vera gratis i denne byen? Det er sikkert turistane sitt behov som har skapt denne ordninga her, men det er jo også ein ide for heimlege forhold? Eg ville likt å kunne sjekka e-post i parken i Holmen, på kaien i Solvorn eller utanfor rådhuset i Sogndal.

Nett no sit eg heilt aleine i 15 plussgrader. Lokalbefolkningen reknar det truleg som svært kaldt og surt no, så får litt rare blikk frå forbipasserande som hutrar seg heim. Hallo, dette er jo sommartemperatur!

6 kommentarer:

  1. Høyrest ut som du har hatt ein flott "1. dag på skulen" dag! Godt å kunne sitje ute i 15 plussgrader. Misunnar deg det! Imponert over framgangen frå engelsk til spansk i dag! Har du slik progresjon må me vel lese blogg på spansk og gå på spanskskule me òg! Ynskjer deg lukke til i morgon og med tre kongars dag!

    SvarSlett
  2. Må jo vera optimistisk. Ser at vokabularet mitt er dårleg. Trur eg må bruka litt av dagen til å pugga enkle frasar til bruk på butikken etc. Eg og ho engelske har tenkt oss på kino i kveld. Berre amerikanske filmar som går og dei er dubba til spansk. Alltid like moro!

    SvarSlett
  3. Hola amiga!

    Ser ut til at du koser deg sørpå ;) Til din orientering...Her er det maaange minusgrader. Herlig skiføre!

    Kos deg og send jevnlig rapport!

    Klems L

    SvarSlett
  4. Hallo du, skal vi ikke få ny rapport snart??

    SvarSlett
  5. Ja vi må verte oppdaterte konstant! Da får no vera måte på til unnasluntring. Hoho, tippar du øvar på spansken din. Bailamos.

    SvarSlett
  6. Hola! Herleg at de masar på oppdateringar:)Jobba m saken, men har vore oppteken med uregelrette verb og å vera turist. Hald ut:)

    SvarSlett