Dei smiler intenst mot meg. Ulasteleg kledde. Håret til damene er grundig sletta med tang. Mennene har ofte tilbakelent, avslappa utstråling, sjølvsikkert går praten lett. Mystisk symmetriske desse tv-personlegheitene i Spania. Og dei smiler. Mykje. Med prikkfrie, kvite tenner. Veldig kvite, store tenner.
Eg har lita tru på at dei tilsynelatande perfekte tv-fjesa, storkjendisar her nede, speglar korleis den vanlege mann og kvinne i Spania er. Men det er eit faktum at landet har høg frekvens av kosmetiske inngrep. Like borti gata der eg bur, er det ein klinikk dersom sjølvtilliten skulle synka til under minimum.
Eg trur ein kan læra mykje om eit samfunn ved å granska tv-programma som blir kringkasta og ved å studera tv-vanane til folk. Som del av det spanske samfunnet- og som medievitar (herleg orsaking som kan nyttast i mange samanhengar) ser eg det som mi plikt å sjå litt tv kvar dag. Litt nyheiter får eg jo med meg, vêrmeldinga er alltid interessant og så er det ein haug med dubba filmar, spørjeprogram og program av typen "Maria har ikkje sett mora si på 15 år. Lukkeleg gjenforeining i studio".
(Foto av min tv med dagens episode frå TVE1. Oppvaskmøte med nonne og pater etter kjærleiksforviklingar på nonneskule)
Det daglege høgdepunktet på TVE1, den statlege public service-kringkastaren må vera En nombre del amor. I kjærleikens namn. Sjølvsagt. Her finn ein eit enkelt oppbygd persongalleri, store konfliktar og mykje pasjon det slett ikkje trengs spanskkunnskapar for å forstå, og ein vassar i såpeklisjear. Serien er meksikansk og skildrar livet i eit relativt gjennomsiktig miljø. For eksempel episode 137: Paloma går på streng skule med nonner som lærarar. Av ulike årsaker har ho avvist storsjarmøren Emiliano. Men han gir ikkje opp. I ført nonnekostyme oppsøker han Paloma på skulen. For sikkerheits skuld repeterer enkelte scener seg, og for å understreka at helten verkeleg spring opp trappa til skulen. I det episoden går mot slutten er spørsmålet sjølvsagt: vil Paloma gi avkall på klostertilværet til fordel for el amor?
Mogleg folk får det tv-tilbodet dei fortener. Men dette er noko av det mest fascinerande teite eg har sett på lenge. Og eg er hekta. Klokka 17 sit eg framfor tv-en min. I kjærleikens namn:)
For ekstra interesserte lokkar denne nettsida med gratis nedlasting.Tilrådinga kom ikkje frå meg...
torsdag 14. januar 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hmmmm... stakkar Emiliano (eller kva han no heitte). Ser ut til at du rekk mykje anna enn å gå på skule òg!! Og det er bra! Her har det mildna til ca 0 grader og Tove og eg planlegg ein skitur i helga. Blir ikkje det same utan deg, men me får ta med noko som kan minne oss på at du kunne ha vore der :) Må bli ein fruktnøtt kanskje?
SvarSlettHehe, ja no kan de eta så mykje fruktnøtt de vil utan å få kritiske kommentarar frå meg:) Men skulle sjølvsagt gjerne ha vore med! Good helg og god tur til dykk!
SvarSlett