lørdag 9. januar 2010

Hace mucho frio

Dei siste dagane er eg glad eg ikkje har vore på reise i Europa. Ser ut til at det har vore totalt kaos på flyplassane og i trafikken generelt. På spansk tv og i lokalavisa har eg sett sjokkerande bilete frå eit Sør-Spania som har stått totalt uførebudd på både svært store nedbørsmengder og lokalt snøvêr enkelte plassar.

Medan kuldegradene har vore godt nedpå 20-talet i Sogn, har flaum ført til store problem i Sør-Europa. Noko skjer med klimaet. Her i Cadiz har det visstnok ikkje snøa sidan 50-talet, men her ei natt var det like før. Temperaturen var tre grader natt til torsdag. Temmeleg spesielt for lokalbefolkningen.

Eg lir lita naud, har varme klede med meg, men klart eg frys i leiligheita som ikkje har moglegheit for oppvarming og har av alle ting marmorgolv. Ikkje akkurat varmande. Mitt rom er berre utstyrt med eit ullteppe ein skal ta sengkle på.

I går var eg på El Corte Igles. Der var det stort nyttårs-sal som alle andre stader her no. Også i dyneavdelinga. Men trur ikkje mange av dei 30 prosentane med arbeidsledige i denne byen har råd til ei relativt (etter norske forhold) simpel tynn sommardyne til 120 Euro.

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Kjekt å lese bloggen din igjen!

    Selv om det er kaldt her hjemme skal jeg ikke klage når du ser andre plasser - vedovn (og nok ved) fører til nesten litt mye godvarme inn når det fyres godt opp :)

    Ronny

    SvarSlett
  2. Hei.Her fyrer vi med ved til den store gullmedalje.Trist å tenkje på at folk ikkje kan kjøpe seg ei dyne på salg.Vi bur i eit godt land,det skjønar vi når vi les det du skriv.Vi ser fram til fleire rapportar frå deg.

    SvarSlett