søndag 3. januar 2010

En Cadiz


Privatbilskyss til Noreide. Båt derfrå til Bergen. Flybuss Lidohjørnet-Flesland. Fly til Malaga. Taxi til hotell. Spasertur hotell-busstasjon. Buss til Cadiz. Taxi til henta-nøklar-plassen. Det var litt omstendeleg å koma til denne byen. Men no er eg her. Køyrde buss i dag forbi Torremolinos, Estepona og Marbella. Lange sydenstrender med hotell og leiligheitskompleks på rekkje og rad. Mykje byggjing i strandsona:)

Medan mine medpassasjera hutra og stilte i pels, tykte eg 15 grader (pluss altså) var litt meir enn eg har vore van med i det siste. Og ja, eg las turistguide med solbriller på, hoho!  Varmt i vêret då eg endeleg kom fram. Fann dette trådlause nettverket utanfor Museo de Càdiz, som er avbilda. Skal snart henta nøkkel til kåken. Spent på korleis den er. Så langt er inntrykket av byen som på bileta eg har sett. Trange gater i gamlebyen, palmar og litt slitt stil.






2 kommentarer:

  1. Andrias helsar og vil gjerne ha 15 grader ute. HOho!

    SvarSlett
  2. Då var du på plass, ja. Håpar du har fått ein fin plass og bu, og at Spania har teke generelt godt imot deg:-)
    Lykke til i morgon!! Gledar meg til oppdateringar.
    Ps. Kjøleskåpet mitt blir veldig glad om enkelte av nisseungane som dominerer det no, blir erstatta av Spania-kort;-)

    SvarSlett