fredag 22. januar 2010

Storhandel i husmorhimmelen


 
Sist veke vart det slutt på handling hjå den lokale SuperCerca. Eg fann Carrefour. Hit strøymer det til Erasmus-studentar som vil at studielånet skal vara lengst mogleg og husmødre som raskt fyller opp handlevogna til randa. Europas største daglegvarekjede er overfylt med alt ein ikkje visste ein trengte til hushaldninga.



Her er vakuumpakka norsk røykelaks, mange hyllemeter med mjølk som ikkje står på kjøl og som har to månaders haldbarheitsdato. Eg må vedgå at eg er skeptisk. Eit svært stormarked utan fersk mjølk?

Men derimot mjølk på fargerike pakkar som ser ut som skyllemiddelboksar, med jordbærsmak, utan jordbærsmak men med ekstra kalsium, vitamin x, y, z og tilsett sukker (!) Kva har dei gjort med mjølka for at ho skal halda seg så lenge? Eg kjøpte ein pakke med det eg trur tilsvarer norsk skummamjølk sist veke. Den står uopna i kjøleskåpet. Det er jo sjølvsagt unaudsynt, og om eg vil kan eg ta ho med heim til Noreg i mars, i følge utløpsdatoen. Mine kunnskapar var mangelfulle, men fann for så vidt svar. Varmebehandling på svært høg temperatur sikrar evigvarande mjølk, fortel ei reisenettside. Kanskje ikkje så farleg likevel?

Eg gler meg over at frukta ser mykje meir innbydande ut på Rema heime, men men lurer på kvifor. Ei trøst er det er at små frukt-og - grøntbutikkar, fruteria-er,  sel mykje meir innbygdande frukt og grønt enn på Carrefour. Og appelsinene her smakar betre enn i kalde nord.

Eg kastar meg over herlege to- for- prisen -av- ein- tilbod (eller var det omvendt) ein ikkje kan gå frå. Deilig musaz følgjer meg medan eg bokserar meg forbi spekeskinkeavdelinga og hermetiserrte pølser for å koma fram til kassa. Med litt dårleg samvit for å ikkje ha handla hjå den lokale kjøpmannen på hjørnet.





1 kommentar:

  1. Noe av det gøyeste med det store utland er matvarebutikkene! Kan gå i timesvis på sightseeing :)

    SvarSlett