Det er liten tvil om at eg har nokon av mine mest einsame og kalde stunder på Nordeide.
Mobildekninga har betra seg, men for nokre år sidan var ekspressbåtstoppet ein av dei stadene langs fjorden ein garantert var utan nett. Likevel har plassen i årevis vore første haldeplass ut i verda for Høyanger og omland. For studentar, sydenturistar og dei som skal besøka bestemor i Ortnevik.
I dag var eg igjen på Nordeide. Relativt aleine.Då er det godt ein har venterommet. Ikkje direkte heimekoseleg, dofasilitetane er sterkt kritiserte på Fjord1-oppslaga inne, interiøret ein smule passè og susinga frå lampene- eller er det panelovnane?- gjer ikkje at ein får mindre reisefeber.
Eg lurer: kor mange eldre damer har venta sine tolmodige minuttar her? Kven har flørta med han pene på elektro eller banna over at dei ikkje granska søndagsruta godt nok på førehand? Eg trur mange har vore etterpåkloke på Nordeide.
Men så kjem Fjordprins. Med trådlaust nett og overprisa Olden og regulerbare seter.
Eg er på veg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Juhu! Endelig på vei! Ser frem til hyppige oppdateringer om ditt nye og spennende spanske liv!
SvarSlettHalllllllllllllllloooooooo. Eg gler meg til å lesa alt du skal vidare. Andreas helsar. Han ønskjer seg fleire kort til leikegrinda si. Hopp-
SvarSlett