I helga kjende eg storbyen kalla og eg trekte på meg byvandringshabitten, rusta for ein lang dag i Sevilla, som de kan lesa litt lettfatteleg informasjon om her.
Som den røynde turist veit, er det viktig å vera godt budd for ein dag i felten. Spesielt når tida er knapp. Då gjeld det å setja seg eitt konkret mål for dagen. Togturen frå Cadiz gjekk smertefritt, mannen i turistinfoen på togstasjonen delte villig ut bykart, men oppmoda sterkt om å ta buss til dagens offer for min hang til powerturisme, den overdådige katedralen.
Men eg trassa gode råd og insisterte på å gå. I martyrisk and valfarta eg mot katedralen- som likevel tyktest å bli lenger og lenger borte. Kameraet var full-lada, vatnflaska full, kartet nytt, skoa gode og humøret på topp slik det må vera for effektiv turistifisering. Det nyttar ikkje dra ut halvhjarta utan rette assesoarane. Eigentleg trur eg byturistar bør legga opp dagen med fjellvettreglane i bakhovudet. Det er ingen skam å snu, gjeld også for tungpusta grupper av middelmådig interesserte amerikanarar klare for å stå i vegen for nok eit historisk monument. Lytt til erfarne turistar er nok eit godt råd og ein må ikkje gløyma at ein ikkje må leggja ut på langtur utan trening.
Då eg endeleg kom fram viste det seg at han ikkje var open før om tre kvarter. Søndagar er tydlegvis ikkje den store katedraldagen!
Dermed sette eg kursen mot næraste restaurant- til den nette sum av 11 euro fekk eg både forrett, hovudrett beståande av ein pate av lysing i tomatsaus og eplekake til dessert. Jada, menu de dia.
Så var det tid for billettkjøp, audioguide- eg feiga ut og bad om engelsk versjon- fram med kamera og det kunst -og religionshistoriske granskande blikket. Verdas tredje største katedral openberra seg akkurat så overveldande og smule kvalmande som eg på førehand hadde ana.
Eg let meg lett imponera over svære kvelvingar, kunstskattar og altertavler i slike gigantiske gudshus. Ein går frå det eine unike praktstykket til det andre i katedralen som er bygd over ein tidlegare moske og stod ferdig i 1519, berre 118 år etter han vart påbyrja.
Eg likar dei katolske kyrkjene fordi dei er vakkert utsmykka og tykkjer det er utruleg at byggmeistrane for hundrevis av år sidan klarte å arbeida fram strålande arkitektur med den tids hjelpemiddel. Men oppi all skapkatolisismen står slitet og strevet til alle som var med å arbeidde fram slike praktbygg i grell kontrast til det pompøse og overdådige. Sender med dette ei varm takk til bygningsarbeidarane, som neppe stod særleg høgt på den sosiale rangstigen i ei tid då arbeidsmiljølova vart lite handheva.
Vel oppe i La Giralda, tårnet som eigentleg var eit minaret, openberrar imponerande utsikt over byen seg. Og ein sjarmerande hage av appelsintre set eit behageleg punkum for utflukta før togturen heimatt til Cadiz.
Frå ein skapkatolikk til ein annan: Eg òg vil reisa og sjå storslagne bygg!!! (Saften og Sogningen storsenter tel liksom ikkje.) Skulle akkurat til å etterlysa ny blogg no, då denne opeberra seg. Bra jobba;-)
SvarSlettLenge leve powerturisten.
Dei enorme katolske kyrkjene kan nok ikkje måle seg med våre "simple"kyrkjer,nei.vi blir katolikkar alle når vi ser slike byggverk.Pass på beina dine når du er så egen og sta at du skal gå overalt.Hels "Reisende Mack"som endeleg er framme i Cadiz.
SvarSlettLenge leve Sæle kyrkje!
SvarSlettKarin og Oline