I går var eg på bokhandelen. Kika litt på kjende verk, men for meg i ukjend språkdrakt. Kjøper eg ein roman på spansk no, er eg slett ikkje i stand til å få med meg innhaldet. Sjølv om eg har lese Stieg Larsson-bøkene på norsk og sett filmane, ville det neppe blitt ei god leseoppleving å lesa bøkene oppatt på nytt på spansk. For dei fins i spansk oversetjing.
Eg må gå til hylla for Extranjeros.
Undervisningsverket skulen min bruker heiter Prisma- metodo de espanol para extranjeros. Extranjeros? Kven er dei? Å ja, det er jo eg som er utlendingen! Den siste månaden har eg med jamne mellomrom teke meg sjølv i å nynna på Sting- klassikaren Englishman in New York. Det er dei små ulikskapane som samla utgjer dei store forskjellane.
I Cadiz er det mange extranjeros. Mange Erasmus-studentar, har møtt nokre av dei på intercambio onsdagar. Ana frå Barcelona står bak ideen med at kvar onsdag kan dei som vil koma til ein kafe i byn. Der er opplegget lite avansert: ein time snakkar folk med kvarandre på spansk. Deretter er det ein time med engelsk. I går var me rundt 30. Eg kom meg heilskinna gjennom ein time med spanskprating, men det kjendes som ein av dei legendarisk harde dobbelttimane med gym på Sagatun. Kva snakkar ein om når ein ikkje har noko å snakka om? Når ein skal konversera med nye folk ein ikkje veit noko om, på eit språk ein ikkje kan?
1. Vêret- bankers
2. Kor er du frå, kvifor er du i Cadiz?- også nokså lett å svara på, har pugga inn nokre frasar
3. Kva gjer du på til dagleg? Kvifor? Studerer, jobbar... Her blir det litt vanskelegare. Vurder eit glas vin...
4. Kva gjer du på fritidar? Hobbyar, andre reiseplanar... Lettare igjen. Skulen set si ære i å læra oss konversasjon om likes and dislikes. Me gusta... Me no gusta... Me encantan.. Me gustaria voy a...
5. Forskjellar og likskapar mellom Cadiz og staden/landet du er frå.
Så er omtrent mitt vokabular oppbrukt. Eg leitar febrilsk i hjernen etter nye verb å fletta setningen rundt. Eller i det minste eit adjektiv for å beskriva noko på ein fiffig måte. Det var jo så lett å finna spanande adjektiv når me laga adjektivhistorier i barndommen. Dei dukkar opp, men eg har ikkje sjans til å hugsa om dei er passande eller ikkje. Lukka er stor når eg kan pusta ut og engelsken kan starta. Her er det litt meir å leika seg med. Samtalen kan heva seg til høgare nivå. Eg er verkeleg ikkje god i engelsk, men som for nordmenn er engelsk ein del av kvardagen. Det er fascinerande at eg her er i stand til å uttrykka meg i overført betydning, at verbbøyinga er sånn nokolunde og at eg ikkje treng tenka på om eg skal seia " eg er, ho er eller dei er" før eg snakkar.
Extranjerosane på intercambio er alle spanande personar i alle aldrar. Studentar, lærarar, servitørar og visstnok skal det vera ei spansk journalistdame der også. Har ikkje møtt ho enno. Det slår meg at eg veit forbløffande lite om dei andre landa og byane folk kjem frå. Snakka sist med tre jenter frå Tyskland. Kva veit eg om Tyskland i dag? Ingenting! Krigen blir alltid feil å snakka om. "Kvar var bestefaren din 9. april 1940, liksom?" Kva anna?
Derrick! Å snakka om Derrick på spansk med nokon som er ca 22 år er nok ikkje å skyta blink. Kan eg noko om Polen då? Eg var i Krakow i haust. Kan dermed redda meg inn med litt fakta om byen og seia "Me gusta mucho" med god samvit. Men meir? Forureining, Lech Walesa, triste bygningar og togturar gjennom landsbygder i forfall? Eg bur med ei frå Tjekkia. Står ikkje betre til med kunnskapane mine her. Var vel noko opprør der på 60-talet? Eine delen av det som før var Tjekkoslovakia. Tre nøtter til Askepott. Dei er vel med i EU? Eg veit ingenting sikkert. Har berre stressa på togstasjonen i Praha, nada mas. Eg skammar meg litt.
Trøysta er at eg får mange interessante spørsmål tilbake: "Norge... Kva språk snakkar dei der? Eg har aldri møtt nokon frå skandinavia med så mørkt hår. Du ser italiensk ut". "-10 grader? Eg ville døydd" Og: "Går det an å bu ein stad med berre 6-7000 innbyggjarar?
Verket "Espanol lengua extranjera Verbos- modelos de conjugacion practicos regulares e irregulares" lengtar etter å bli opna. Det var min fangst på bokhandelen. Hylla for extranjeros på bokhandelen var forbehelde grammatikkbøker og eit par språkopplæringshefter. For eg er framleis og vil alltid bli ein exranjero her. Og eg likar det. Å vurdera og bli vurdert på ein heilt anna måte enn heime. Og å i små drypp få ny kunnskap om kultur og språk som er vestleg, men likevel heilt annleis enn min eigen.
Ventar ikkje å knekka koden, men likar å lirka litt i låsen.
torsdag 28. januar 2010
mandag 25. januar 2010
Innhenta av slekta
Betre med bror i framandt land enn 10 grannar på godt tak. Mitt eksemplar av sorten avla meg visitt sist veke. Veldig triveleg! Sidan han også har sansen for turboturisme, hadde han allereie vore i Cordoba og Sevilla før han tok rutebussen til Cadiz.
I tillegg til ein del turistifisering var han også med då skulen min arrangerte guida tur i byen og autentisk paellasmaking på ein restaurant ein visstnok ikkje finn om ein ikkje er innfødd.
Tur på stråndi og praktisering av spansk på apoteket (!) vart det også tid til før broren toga og flaug heimatt og ut i nordsjøen. Triveleg med besøk, vil gjerne ha meir:)
fredag 22. januar 2010
Storhandel i husmorhimmelen
Sist veke vart det slutt på handling hjå den lokale SuperCerca. Eg fann Carrefour. Hit strøymer det til Erasmus-studentar som vil at studielånet skal vara lengst mogleg og husmødre som raskt fyller opp handlevogna til randa. Europas største daglegvarekjede er overfylt med alt ein ikkje visste ein trengte til hushaldninga.
Her er vakuumpakka norsk røykelaks, mange hyllemeter med mjølk som ikkje står på kjøl og som har to månaders haldbarheitsdato. Eg må vedgå at eg er skeptisk. Eit svært stormarked utan fersk mjølk?
Men derimot mjølk på fargerike pakkar som ser ut som skyllemiddelboksar, med jordbærsmak, utan jordbærsmak men med ekstra kalsium, vitamin x, y, z og tilsett sukker (!) Kva har dei gjort med mjølka for at ho skal halda seg så lenge? Eg kjøpte ein pakke med det eg trur tilsvarer norsk skummamjølk sist veke. Den står uopna i kjøleskåpet. Det er jo sjølvsagt unaudsynt, og om eg vil kan eg ta ho med heim til Noreg i mars, i følge utløpsdatoen. Mine kunnskapar var mangelfulle, men fann for så vidt svar. Varmebehandling på svært høg temperatur sikrar evigvarande mjølk, fortel ei reisenettside. Kanskje ikkje så farleg likevel?
Eg gler meg over at frukta ser mykje meir innbydande ut på Rema heime, men men lurer på kvifor. Ei trøst er det er at små frukt-og - grøntbutikkar, fruteria-er, sel mykje meir innbygdande frukt og grønt enn på Carrefour. Og appelsinene her smakar betre enn i kalde nord.
Eg kastar meg over herlege to- for- prisen -av- ein- tilbod (eller var det omvendt) ein ikkje kan gå frå. Deilig musaz følgjer meg medan eg bokserar meg forbi spekeskinkeavdelinga og hermetiserrte pølser for å koma fram til kassa. Med litt dårleg samvit for å ikkje ha handla hjå den lokale kjøpmannen på hjørnet.
onsdag 20. januar 2010
Skapkatolikk doing powertourism
I helga kjende eg storbyen kalla og eg trekte på meg byvandringshabitten, rusta for ein lang dag i Sevilla, som de kan lesa litt lettfatteleg informasjon om her.
Som den røynde turist veit, er det viktig å vera godt budd for ein dag i felten. Spesielt når tida er knapp. Då gjeld det å setja seg eitt konkret mål for dagen. Togturen frå Cadiz gjekk smertefritt, mannen i turistinfoen på togstasjonen delte villig ut bykart, men oppmoda sterkt om å ta buss til dagens offer for min hang til powerturisme, den overdådige katedralen.
Men eg trassa gode råd og insisterte på å gå. I martyrisk and valfarta eg mot katedralen- som likevel tyktest å bli lenger og lenger borte. Kameraet var full-lada, vatnflaska full, kartet nytt, skoa gode og humøret på topp slik det må vera for effektiv turistifisering. Det nyttar ikkje dra ut halvhjarta utan rette assesoarane. Eigentleg trur eg byturistar bør legga opp dagen med fjellvettreglane i bakhovudet. Det er ingen skam å snu, gjeld også for tungpusta grupper av middelmådig interesserte amerikanarar klare for å stå i vegen for nok eit historisk monument. Lytt til erfarne turistar er nok eit godt råd og ein må ikkje gløyma at ein ikkje må leggja ut på langtur utan trening.
Då eg endeleg kom fram viste det seg at han ikkje var open før om tre kvarter. Søndagar er tydlegvis ikkje den store katedraldagen!
Dermed sette eg kursen mot næraste restaurant- til den nette sum av 11 euro fekk eg både forrett, hovudrett beståande av ein pate av lysing i tomatsaus og eplekake til dessert. Jada, menu de dia.
Så var det tid for billettkjøp, audioguide- eg feiga ut og bad om engelsk versjon- fram med kamera og det kunst -og religionshistoriske granskande blikket. Verdas tredje største katedral openberra seg akkurat så overveldande og smule kvalmande som eg på førehand hadde ana.
Eg let meg lett imponera over svære kvelvingar, kunstskattar og altertavler i slike gigantiske gudshus. Ein går frå det eine unike praktstykket til det andre i katedralen som er bygd over ein tidlegare moske og stod ferdig i 1519, berre 118 år etter han vart påbyrja.
Eg likar dei katolske kyrkjene fordi dei er vakkert utsmykka og tykkjer det er utruleg at byggmeistrane for hundrevis av år sidan klarte å arbeida fram strålande arkitektur med den tids hjelpemiddel. Men oppi all skapkatolisismen står slitet og strevet til alle som var med å arbeidde fram slike praktbygg i grell kontrast til det pompøse og overdådige. Sender med dette ei varm takk til bygningsarbeidarane, som neppe stod særleg høgt på den sosiale rangstigen i ei tid då arbeidsmiljølova vart lite handheva.
Vel oppe i La Giralda, tårnet som eigentleg var eit minaret, openberrar imponerande utsikt over byen seg. Og ein sjarmerande hage av appelsintre set eit behageleg punkum for utflukta før togturen heimatt til Cadiz.
lørdag 16. januar 2010
Tobakksestetikk
Den gamle tobakksfabrikken er starten på ei av fleire vandringsruter i Cadiz. Rutene tek turistar gjennom strøk og bygningar knytt til til dømes handel med austen, slott og festningar eller område som var viktige i mellomalderen.
Bygget er i teglstein, frå tidleg 1800-tal etter det eg har forstått. I går kveld hadde eg fotosession der.
fredag 15. januar 2010
Por la noche
Rakk aldri å Cohen-brørne sin tragikomedie A Serious Man på BIFF i haust. Men såg til mi store glede at den går på nærkinoen min for tida. Trur eg forsto det meste, men alltid greitt å lesa resymeet etterpå- for å vera på den sikre sida:)
Trudde først eg hadde gått på totalt feil film, sidan filmen startar med ein lang sekvens på jiddish (?), men til slutt var det tilbake til kjærkomen dubba spansk att.Phu.
På heimvegen tok eg litt bilde av gatene.

torsdag 14. januar 2010
Grundig innsåpa
Dei smiler intenst mot meg. Ulasteleg kledde. Håret til damene er grundig sletta med tang. Mennene har ofte tilbakelent, avslappa utstråling, sjølvsikkert går praten lett. Mystisk symmetriske desse tv-personlegheitene i Spania. Og dei smiler. Mykje. Med prikkfrie, kvite tenner. Veldig kvite, store tenner.
Eg har lita tru på at dei tilsynelatande perfekte tv-fjesa, storkjendisar her nede, speglar korleis den vanlege mann og kvinne i Spania er. Men det er eit faktum at landet har høg frekvens av kosmetiske inngrep. Like borti gata der eg bur, er det ein klinikk dersom sjølvtilliten skulle synka til under minimum.
Eg trur ein kan læra mykje om eit samfunn ved å granska tv-programma som blir kringkasta og ved å studera tv-vanane til folk. Som del av det spanske samfunnet- og som medievitar (herleg orsaking som kan nyttast i mange samanhengar) ser eg det som mi plikt å sjå litt tv kvar dag. Litt nyheiter får eg jo med meg, vêrmeldinga er alltid interessant og så er det ein haug med dubba filmar, spørjeprogram og program av typen "Maria har ikkje sett mora si på 15 år. Lukkeleg gjenforeining i studio".
(Foto av min tv med dagens episode frå TVE1. Oppvaskmøte med nonne og pater etter kjærleiksforviklingar på nonneskule)
Det daglege høgdepunktet på TVE1, den statlege public service-kringkastaren må vera En nombre del amor. I kjærleikens namn. Sjølvsagt. Her finn ein eit enkelt oppbygd persongalleri, store konfliktar og mykje pasjon det slett ikkje trengs spanskkunnskapar for å forstå, og ein vassar i såpeklisjear. Serien er meksikansk og skildrar livet i eit relativt gjennomsiktig miljø. For eksempel episode 137: Paloma går på streng skule med nonner som lærarar. Av ulike årsaker har ho avvist storsjarmøren Emiliano. Men han gir ikkje opp. I ført nonnekostyme oppsøker han Paloma på skulen. For sikkerheits skuld repeterer enkelte scener seg, og for å understreka at helten verkeleg spring opp trappa til skulen. I det episoden går mot slutten er spørsmålet sjølvsagt: vil Paloma gi avkall på klostertilværet til fordel for el amor?
Mogleg folk får det tv-tilbodet dei fortener. Men dette er noko av det mest fascinerande teite eg har sett på lenge. Og eg er hekta. Klokka 17 sit eg framfor tv-en min. I kjærleikens namn:)
For ekstra interesserte lokkar denne nettsida med gratis nedlasting.Tilrådinga kom ikkje frå meg...

tirsdag 12. januar 2010
Turist i Cadiz
Har laga ein liten bildeserie på Flickr frå sightseeing i by'n den første veka her. Tek lang tid å lasta opp foto, men det kjem meir etter kvart.
søndag 10. januar 2010
Uregelrette handlingar
Eg lurer på kva utlendingar som skal læra norsk tykkjer er vanskeleg for dei? På spansk blir alle verb bøygd i personar og tid. "Eg går" er voy medan om det er du som går, nyttar ein vas. Verkar unaudsynt for meg som norsk, men samstundes treng ein vanlegvis ikkje ta med dei personlege pronomena når verba er bøydde slik.
Innimellom filosofering over språklege utfordringar har eg rukke å gjort andre uregelrett ting. Som å jogga på Playa de la Victoria, den lengste av strendene her og ut til Castillo de San Sebstian, festningen på piren ut i havet. Ja, veit det er temmeleg klisje... I går var det nesten påskevêr, slik at ein føler ein må vera ute i den sterke sola, men beheld hua trygt på.
Laurdagskvelden vart nytta til å sjå film. Hugh Grant i nok eit romantisk drama. Dubba sjølvsagt. I selskap med x antal koppar te. Eg er visst blitt tedrikkar av rang her nede. Men det er mest for å halda varmen.
lørdag 9. januar 2010
Hace mucho frio
Dei siste dagane er eg glad eg ikkje har vore på reise i Europa. Ser ut til at det har vore totalt kaos på flyplassane og i trafikken generelt. På spansk tv og i lokalavisa har eg sett sjokkerande bilete frå eit Sør-Spania som har stått totalt uførebudd på både svært store nedbørsmengder og lokalt snøvêr enkelte plassar.
Medan kuldegradene har vore godt nedpå 20-talet i Sogn, har flaum ført til store problem i Sør-Europa. Noko skjer med klimaet. Her i Cadiz har det visstnok ikkje snøa sidan 50-talet, men her ei natt var det like før. Temperaturen var tre grader natt til torsdag. Temmeleg spesielt for lokalbefolkningen.
Eg lir lita naud, har varme klede med meg, men klart eg frys i leiligheita som ikkje har moglegheit for oppvarming og har av alle ting marmorgolv. Ikkje akkurat varmande. Mitt rom er berre utstyrt med eit ullteppe ein skal ta sengkle på.
I går var eg på El Corte Igles. Der var det stort nyttårs-sal som alle andre stader her no. Også i dyneavdelinga. Men trur ikkje mange av dei 30 prosentane med arbeidsledige i denne byen har råd til ei relativt (etter norske forhold) simpel tynn sommardyne til 120 Euro.

mandag 4. januar 2010
Me gusta Bruce Springsteen
I dag var audmjukinga total.
Eg trudde eg visste kva regn var. Eg trudde eg hadde opplevd torevêr og vind. Men dag tidleg då eg traska optimistisk til min første skuledag på språkskulen regna det verkeleg. Regnjakka var sjølvsagt med i bagasjen og eg veit jo at kysten kan vera temmeleg fuktig uansett kvar i verda ein er. Men eg er kjempeglad i taxisjåføren som plukka meg opp ein plass ved togstasjonen. Han fekk ein del tips:)
På skulen er det framleis jule -og nyttårsmodus. Fekk forklart at det ikkje er særleg studentar der denne veka på grunn av Heilage tre kongardag som er onsdag og at det enno er tidleg på året. Derfor var det berre eg- som presenterte meg temmeleg eindimensjonalt: "Eg er Renate frå Noreg. Eg likar pizza, Bruce Springsteen, fjell, ski, film og arbeider som journalist". Og så er det Jane frå Skottland. Ho hadde større vokabular, trur ho jobba i sosialdepartementet i London og var temmeleg meir bereist og språkbegava enn meg.
Etter skulen prøvde eg oppnå kontakt med dama i billettluka på katedralen. Eg gjorde meg forstått trur eg og i tårnet var det super oversikt over by og hav. Masse hav:) Det fine med denne årstida er at det nesten ikkje er turistar her. Ingen kø ved dei typiske serverdigheitene. Var innom turistkontoret for å få meg nytt kart- mitt vart blautt i dag tidleg. Der kunne dei fortelja det er lite å gjera og at dei arbeidde med statistikken for i fjor. Eg blei sirlig registrert som norsk og at behovet mitt var kart:)
På dagens handlerunde vart det innkjøp av vatn på min lokale brød og kakebutikk, panaderia. Det kan visst drikkast frå springen, men luktar sånn klor at eg inntil vidare satsar på kjøpt vare. Det ser ut til at eg må nytta dei tilsette på den butikken til å testa ut spansken. I går då eg var innom snakka eg berre engelsk. I dag framførte eg mitt bodskap på nestenspansk. Framgang?
Det viser seg at denne byen har fleire stader med trådlaus, gratis internett-tilgang utandørs. Det er ein utruleg fin ting for oss turistar- og for så vidt andre. Denne byen har 30 prosent arbeidsløyse etter finanskrisa. Og i følge spansklæraren er bustadprisane svært høge. Då er det jo fint noko kan vera gratis i denne byen? Det er sikkert turistane sitt behov som har skapt denne ordninga her, men det er jo også ein ide for heimlege forhold? Eg ville likt å kunne sjekka e-post i parken i Holmen, på kaien i Solvorn eller utanfor rådhuset i Sogndal.
Nett no sit eg heilt aleine i 15 plussgrader. Lokalbefolkningen reknar det truleg som svært kaldt og surt no, så får litt rare blikk frå forbipasserande som hutrar seg heim. Hallo, dette er jo sommartemperatur!

søndag 3. januar 2010
En Cadiz
Privatbilskyss til Noreide. Båt derfrå til Bergen. Flybuss Lidohjørnet-Flesland. Fly til Malaga. Taxi til hotell. Spasertur hotell-busstasjon. Buss til Cadiz. Taxi til henta-nøklar-plassen. Det var litt omstendeleg å koma til denne byen. Men no er eg her. Køyrde buss i dag forbi Torremolinos, Estepona og Marbella. Lange sydenstrender med hotell og leiligheitskompleks på rekkje og rad. Mykje byggjing i strandsona:)
Medan mine medpassasjera hutra og stilte i pels, tykte eg 15 grader (pluss altså) var litt meir enn eg har vore van med i det siste. Og ja, eg las turistguide med solbriller på, hoho! Varmt i vêret då eg endeleg kom fram. Fann dette trådlause nettverket utanfor Museo de Càdiz, som er avbilda. Skal snart henta nøkkel til kåken. Spent på korleis den er. Så langt er inntrykket av byen som på bileta eg har sett. Trange gater i gamlebyen, palmar og litt slitt stil.
lørdag 2. januar 2010
Ut i verda
Det er liten tvil om at eg har nokon av mine mest einsame og kalde stunder på Nordeide.
Mobildekninga har betra seg, men for nokre år sidan var ekspressbåtstoppet ein av dei stadene langs fjorden ein garantert var utan nett. Likevel har plassen i årevis vore første haldeplass ut i verda for Høyanger og omland. For studentar, sydenturistar og dei som skal besøka bestemor i Ortnevik.
I dag var eg igjen på Nordeide. Relativt aleine.Då er det godt ein har venterommet. Ikkje direkte heimekoseleg, dofasilitetane er sterkt kritiserte på Fjord1-oppslaga inne, interiøret ein smule passè og susinga frå lampene- eller er det panelovnane?- gjer ikkje at ein får mindre reisefeber.
Eg lurer: kor mange eldre damer har venta sine tolmodige minuttar her? Kven har flørta med han pene på elektro eller banna over at dei ikkje granska søndagsruta godt nok på førehand? Eg trur mange har vore etterpåkloke på Nordeide.
Men så kjem Fjordprins. Med trådlaust nett og overprisa Olden og regulerbare seter.
Eg er på veg.

Abonner på:
Kommentarer (Atom)