Litt trist reisa, spesielt dei siste vekene har vore framgangsrike språkmessig. Men har mottatt diplom, feira med tapas og drinkar og har med heva hovud reist til Sevilla, som eg trur er ein av mine yndlingsbyar. No gler eg meg til sjå Tom Cruise og Cameron Diaz i filmen Knight And Day som truleg kjem til sommaren. Det er ikkje første gong Cadiz er brukt som kulisse for Hollywoodfilm. Faktisk er den velkjende "Veldreidd og bikinikledd Halle Berry kjem opp av vatnet etter dukkert"-scena i Die Another Day spelt inn på stranda der eg har pugga uregelrette verb:)
Ei lita oppsummering over byen eg har budd i 8 veker:
Pluss:
-Strendene, trass i at vinteren har vore hard og for Costa del Luz
-Stort sett god mat, bortsett frå at gaditanarane har ein hang til å frityrsteika ihel fisk og skaldyr til ei kvar tid.
-Palmer og sitron/appelsintre er alltid moro
-Mange eigna fotomotiv
-Spansk tv. Mykje spanande. Spesielt Espana Directo: rapporterer direkte fraa flaumomraade, kjedekollisjonar etter snofall og intervjuar arbeidsledige i okkuperte hus. Røffare utgave av Norge Rundt- kvar dag.
-Masse trivelege folk
Litt mindre moro:
-eltiempo.es: vermeldinga var stort sett alltid depressiv. Ironisk nok har La lluvia (regnet) vore ein radiostorhit:)
-Trange gater er sjarmerande, men klaustrofobiske til tidar. Kjensla av å bu på ei øy er stor i byen som ikkje kan ekspandera på grunn av at han ligg på ein smal halvøy. Mange er arbeidslause og tragisk økonomi gjer at byen ber preg av forfall. Utan vedlikehald vert flotte, historiske bygg berre triste.
-Husa i sør er utan oppvarmingsmoglegheiter.Kjem garantert ikkje til å sakna at det er kaldare inne enn ute når det er 10 grader og mindre ute...


Ser ut som du har opplevd mye. Hva skjer nå da? Tilbake til avisen, eller har du andre planer? Gi en lyd hvis du skal innom Bergen!
SvarSlettKom på besøk til Ørsta og ta med mange bilder!! :) Det har sikkert vore ei oppleving. Og husk at du alltid kan reise tilbake :)
SvarSlettReiser litt i Spania no, vil sjå meir av dette landet. Når eg blir lei og pengane tek slutt, kjem eg heim til gamlelandet og jobb etterkvart. I praksis vil det seia om ca ei veke:)
SvarSlett