Eg har alltid undra meg over kvifor nordmenn eg kjenner som har opphelde seg i Danmark meir enn ei langhelg har begynt å snakka dansk med danskar. Eg har ikkje forstått kvifor det har vore så lett å legga av seg heimleg dialekt til fordel for språket i sør.
Men med danskar i klassen har eg plutseleg sjølv gått over til dorsk. Å enkelt byta ut dei mest framandarta sogneuttrykka til fordel for eit meir spiseleg norsk-dansk slik at danskane kan forstå. Og slik at eg slepp å snakka engelsk eller (gud forby) spansk med folk frå nabolandet. Pinleg? Og kvifor er det slik? Eg trur ikkje eg er flau over språket mitt. Det fell seg berre naturleg. Norsk, i alle fall bokmål, kjem av dansk. Og eg reknar med me har mange lånord frå moderne dansk også. Men eg stussar likevel litt over at kvifor danskar eg har møtt- og svenskar for den del, forstår så lite norsk.
Min påstånd ut frå mine sparsame erfaringar: For meg ser det ut til at nordmenn forstår både dansk og svensk godt. Danskar forstår bra norsk, men ikkje alt. Svenskar forstår ein del norsk, men lite dansk. Altså er nordmenn mest tilpasningsdyktige. Eller?:) For meg er skriftspråka norsk (bokmål) og dansk temmeleg like. Eg kan lett lesa ei bruksanvisning på dansk og henga med i ein samtale. Svensk er ørlite vanskelegare å lesa. Men dei fleste svenske dialektane går greitt å forstå munnleg. Då kan det vera verre med nokre danske lokale særtrekk. Eg trur det er Astrid Lindgren si forteneste at munnleg svensk er lett å forstå for nordmenn flest. Kor mange timar har ikkje min generasjon site framfor tv-en og fått Emil, Pippi og alle dei andre heltane servert på orginalspråket?
Og kanskje er hypotesen at jo jo fleire gode tv-seriar og filmar eit land produserer, jo større sjanse er det for at folk i andre land får kjennskap til språket. Eg trur svenskane og danskane har vore flinkare til å pusha sine produksjonar til Noreg enn omvendt.
I spania lærer ungane engelsk frå 9-10 års alder. Likevel kan få engelsk. Eg trur mykje av grunnen til det er at alt av tv-program og filmar er dubba. Korleis læra eit språk dersom du aldri blir eksponert for det? Ryktene seier at sjølv ikkje den spanske statsministeren snakkar engelsk i det heile. Ikkje andre språk heller. Eg veit ikkje om det er sant, men eg er i alle fall glad for nesten dubbingfrie tv-kanalar i Noreg. Eg trur dei fleste nordmenn har fått mykje språkopplæring gratis ved å sjå tv. Og at eg berre fekk ein tyskspråkleg tv-serie inn i stova mi under oppveksten er grunnen til at min tysk begrensar seg til "Haben Sie Angst?" og "Was ist los?" frå skumle Derrick.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Solid medievitenskapelig analyse! :-)
SvarSlettWas ist los, hihoohoh. Moro. Eg har sendt deg ein film frå ei anna mailadresse enn den vanlege so sjekk spammen din. Eg trur AL sine barneseriar var teksta på norsk,men at vi ikkje følgde med. På same vis som at Friens foreksempel er teksta, men med så dårleg teksting at eg let tekst vere tekst og heller høyre etter.
SvarSletthehe! du får svelge stoltheita di og snakke forståeleg bokmål til danskane. betre enn å måtte ta til spansken! Lærte eit nytt ord i kommunestyresalen i Sogndal på måndag. Du kunne det heilt sikkert frå før, men eg kan ikkje hugse å ha hatt det i mitt daglege vokabularium før. DET skal det bli ei endring på! Åtgaum! Flott ord som eg skal prøve å bruke så ofte som mogeleg! BTW, me snakka tysk her i går for å kode snopemeldingar så ikkje Tore skulle forstå. Me er på Førdebesøk i helga, you see! Moro å registrere at tyskkunnskapane ikkje lenger er det det var. eller...at det aldri ha vore noko særleg.
SvarSlettSå wass i dass sjølv du som har støvlar...
Hehe, skulle gjerne sett desse analysane mine var litt meir djuptgåande, men....:)
SvarSlettSjå der ja: tysk brukt i unntakstilstandar:) Eg meiner forøvrig at teksting er bra. Inkluderer alle i programmet som blir vist. Men teksting er vanskeleg- må ha gode kulturkunnskapar for å få med seg språklege nyansar- og humor er jo nesten umogleg å oversetja. Derfor slår eg eit slag for udubba program- med teksting. God (udubba)helg til dykk alle!
Eg skjønar ikkje dansk og tek dermed på meg rolla som "unntaket som stadfestar regelen".
SvarSlett