Eg har alltid tenkt på flamenco som ein dans utført av damer i høghæla klikk-klakk-sko med store kjolar og tilhøyrande vifte. Men som innbyggar i folkemusikkstilartens vugge, Andalucia, har eg fått oppleva at ein god flamencoframføring ikkje alltid inneheld dans.
Denne helga heldt Pedro Sara og Yves Vandewalle flamencokonsert (mms-bildet under gir ikkje det beste itrykket, men....) på ein av dei lokale pubane, La Pijota. På flamencokonsert drikk ein leskande tinto de verano, medan ein lyttar til store kjensler uttrykt med sterk, gjerne tobakksprega røyst. Tekstane handlar om el amor, el corazon, el pasion og el mar, som spanjolane akkopagnementet er kløktig gitarspel, gjerne improvisert. Publikum og artistar klappar i uviss takt under seansen. Og det er heilt på sin plass å ropa Olè! innimellom.
Laurdag nådde kvelden høgdepunktet då ei lita dame på om lag 85 år, som ivrig følgde artistane frå plassen sin ved eit bord nær scena, plutseleg røyste seg opp, gjekk ut på golvet og dansa, klappa og song med.
Så var det slutt og publikum gjekk vidare til neste bar. Meir billeg drikke- denne gong med spansk pop-musikk frå ei lokal gruppe. To konsertar heilt gratis. Det kan eg lika! :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar