tirsdag 9. februar 2010
Fjelltur på spansk
I helga pakka eg det eg hadde av med meg av fjellutstyr til kystbyen. Det vil seia pass, våtserviettar, gnagsårplaster, reiseforsikring, europeisk helsetrygdkort- som eg ikkje forstår kva er- og laga niste av dansk rugbrød med kvitost, bananer og ein botella med agua.
Ut av byen, opp i fjella var dagens motto. Sierra de Grazalema vart Parque Natural i 1984 og ligg i området som også er kjent for sine pueblos blancos- kvite landsbyar. Å gå fjelltur heiter visst "hacer senderismo" på spansk og var spennande å testa ut. Bileta mine ligg her.
Me henta løyvet til å få i parken på ein lokal infostasjon i landbyen El Bosque, som rett og slett betyr skogen. Så måtte ein vakt kontrollera løyvet vårt, ønska oss god tur og så bar det avgarde. Men sjølvsagt ikkje før mitt turfølge hadde fått i seg desayuno- frukost beståande av krutsterk kaffi, toasta brød med smør og olivenolje. Knall oppladning:)
Gjekk i 4-5 timar på god sti, i dette området kan ein gå frå landsby til landsby, men sidan me hadde bil, vart det tur-retur på oss. Såg kjøtmeis og granliknande tre og langt i det fjerne kunne me sjå snøkledde fjell. Fekk litt heimlengsel då må eg innrømma:) Når me var tilbake til bilen var alle einige om at det hadde vore ein fin tur.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Virker som en flott tur! For å gjøre eventuell snø- og hjemlengsel enda verre, ta en titt her (gikk Ulriken-Fløyen på ski på søndag): http://www.flickr.com/photos/carinaokland
SvarSlettAh, så fantastisk:) Flotte bilder frå fjellrypa her, ja;) Me må få til ein skisession når eg kjem heim. Eg er med på alt!
SvarSlettJippi! No vert det innført spansk fjellmat på turane våre! (Kan vel ikkje kallast ufjelsk, men iallfall ikkje noko alle Ola Nordmenn har i sekkane sine ;) )
SvarSlett