- Det er sjølvsagt dårlege strøk her også, men me viser dykk berre overklasse og middelklassestrøka, smiler vår guide for dagen medan bilen me sit i køyrer forbi ein stor plakat av kongen.
Søndag vart det tur ut av Europa. Ironisk nok drog eg til Tanger, den turistifiserte byen heilt nord i Marokko med Devold-ull inst på kroppen, regnjakke og posar i skoa. Til og med hua var med ombord på den gigantiske katamaranen til selskapet Frs, som gjer big business av turistar som meg: som berre mååå sjå litt Afrika før dei reiser heimatt. Masse regn og kald vind dominerer også kontinetet i sør for tida.
-Tanger er ein open og inkluderande by, veldig internasjonalt miljø, held guiden vår fram medan me manøvrerer oss mellom krydderseljande kvinner og levande høns på markedet. På eit gatehjørne kan ein mann tilby taxi. Då me ikkje er interesserte, lurer han i staden på om me vil kjøpa hasj. Truleg kan det meste kjøpast for pengar i denne byen. Og eg måtte visa passet heile fem gonger i reiseprosessen. Men prisen på turen var det ingenting å seia på. 55 euro, ein pakketur m guide og tur/retur-billett var merkeleg nok billegare enn å berre kjøpa tur/retur-billett. Ikkje ille pris og det skulle visa seg at maten me fekk servert på ein restaurant var utruleg smakfull: kylling med grønsaker og kanel (!), kjempegodt brød til, kebabspyd og coscos med gryte av kylling og grønsaker. Dessert var myntete og svært søt kake. Verd heile turen!
Men ein må vita kva ein går til. Kjøpepresset er stort og sjølv om guiden forsikrar at du ikkje må kjøpa noko i butikkane me er innom på ruta, opplevde mi gruppe at det vart temmeleg amper stemning mellom guide og butikkeigar då ingen av oss ville kjøpa krydder, trass i at han kunne hosta opp frasar både på tysk og nordisk. Så rekn med at turen bli langt dyrare enn 55 euro dersom du ikkje skal gjera butikkeigarar grinete. Ein får fort kjensla av å vera europearen som er stinn i gryn.
-Eg har ikkje noko imot at du gir meg litt pengar, seier guiden avslutningsvis før han skyssar oss inn på superekspressbåten att. Kanskje eg lir av framanfrykt utan å ønska det? Men eg må innrømma at eg var letta når siste passkontoll var unnagjort og folk rundt meg snakka spansk igjen. Kjente meg som dum, overpriviligert turist. Og at alt rundt meg er annleis etter ein 45 minutts båttur over havet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar