mandag 15. februar 2010

Meir amor i vente



Reknar med at mine lesarar lengtar vilt etter å få vita kva som skjer i El Nombre Del Amor. Har sett på med ujamne mellomrom, men som det seg hør og bør jamfør såpesjangeren sin natur, er det rimeleg lett å kætsja opp. Her er eit raskt resyme over dei siste vekenes høgdepunkt:

Emiliano har ikkje gitt opp håpet om å vinna tilbake den jomfruelege og naive Paloma-rollefiguren sin gunst. Men sidan ekskjærasten viser seg å vera gravid og farsskapstest (moglegens manipulert) viser at han er far til barnet, er det ikkje rart Paloma har gitt han ein kald skulder. Derfor lever han i eit proformaekteskap med den usympatiske, men pengesterke eksen- medan han framleis prøver overtyda Paloma om at hjartet hans berre har plass for ho. Paloma derimot har blitt god ven med ein spirituelt interessert kunstnar.
 
 
Fader Cristobal, som ikkje her reint lite ulik Fritz Wepper eller Harry Klein , har brått hamna i fengsel, det har også ei dame han har hatt eit forhold. Kvifor, har ikkje spansken min klart å fanga opp, men den onde Alexis-figuren Macarena (!) har meir enn ein finger med i spelet. Ho sit også på svært avslørande kyssefoto av faderen og dette kvinnemennesket. Og får presteskapet snusen i dette, heng yrkeskarrieren og truverdet i ein tynn tråd. Heile landsbyen engasjerer seg for å få sin moralske frontfigur ut av det som med norske augo ser ut som svært langvarig varetektsfengsling, der han stadig vert terrorisert av ein medfange med Arnold Schwartzneggerliknande utsjånad. Til Paloma, og dei andre elevane sin fortviling, har fader Cristobal også blitt avskjediga som etikk-lærar på den hyperkatolske skulen.
 
(orsak dårlege mobilbilder frå min tv)
Faderen har hyra inn ein ultrakjekk, lokal advokat som gjerne diskuterer saka med dei andre rollefigurane, som forsvarar. Men også han tviler på faderens uskuld. Spesielt når det byrjar gå rykter om at Paloma, så langt beskriven som foreldrelaus og som bur hos ei eldre dame i landsbyen, likevel ikkje er så foreldrelaus.

Ryktene går nemleg ut på at onde Macarena er Paloma si kjødelege mor- og fader Cristobal er faren. Framhald er mogleg...

1 kommentar:

  1. Skjønner ikke hvordan du får med deg alt dette! Hadde ikke fått med meg halvparten om det så hadde vært på norsk... jeeeezez!

    SvarSlett