onsdag 17. februar 2010

Hable con ella

Pedro Almodovar sin film Hable Con Ella frå 2002 fekk den norske oversetjinga "Snakk til henne". Noko som er ganske annleis enn tydiga på originalspråket "snakk med henne". Eg har lyst å bli snakka med. Eg har lyst å delta i ein ordentleg samtale. Nikka, seia "vale, pues, no me digas og ojala" på dei rette plassane. Men når eg ikkje kan språket godt nok blir eg snakka til. Ikkje med. Og svarer med einstavingsord eller "eg forstår ikkje".

I første etasje i leiligheita vår bur det ei krokete señora på om lag 100 år. I etasjen over bur det ei på omlag 80. Det er mogleg desse er i slekt. Når eg skulle ta heisen til leiligheita i går sto desse, og ei tredje, noko yngre dame og gjorde det nordmenn vil kalla krangla i døropninga til den eldste. Spanjolar derimot vil truleg omtala dette som daglegdags nabosamtale. Brått var eg på feil plass til feil tid.

80-åringen greip meg i skuldra i det eg gjekk forbi og lirte ut av seg ein monolog på om lag to minutt. Så tok ho pause, kika på dei andre og heldt fram etter eg hadde hosta fram "eg veit ikkje". Eg oppfatta berre 25 personar, ringa politiet og noko med heisen. Då eg endeleg kom meg derifrå kom eg på at det ho truleg prøvde uttrykka frustrasjon over, kan ha vore at ho tykte det var altfor mykje støy i huset i helga.  Eg forstår ho godt. Men kunne ikkje delta i hylekoret.

Er litt språkleg forvirra for tida. Høyrer dansk, svensk, tysk og engelsk dagleg i tillegg til spansken eg liksom skal læra. Eg samlar på ord og bøyingar, men dei berre svirra rundt sjølv om eg desperat håpar dei legg seg i høveleg rekkefølge og dannar ein meiningsfull setning. På spansk.
Det mest fornuftige eg klarte å hosta fram på galleribesøk hjå ein kunstnar denne veka var: det er vanskeleg å snakka om kunst. Trur kunstnaren var einig:)

Eg har lyst å snakka, men dei rette orda og preposisjonane dukkar opp akkurat for seint. Prosessen "finn rett verb, finn ut om du snakkar i notid, fortidsforma indefinido eller imperfecto eller kanskje futurum og bestem deg for om det er eg, du eller kanskje dei som utfører verbhandlinga" tek altfor lang tid. Når temaet har skifta og samtalen ikkje lenger handlar om dagens middag, men arbeidsløysa i spania har eg endeleg funne ut korleis eg skal seia at nordmenn et mykje poteter.

Uansett. Har lært litt. Her er mine spanske favorittord nett no:
1. I olympisk ånd: Salto de esqui- skihopping
2. Pastor Aleman- Schäferhund
3. Maremoto- tsunami
4. Terremoto-jordskjelv
5. Macedonia- nektarin
6. Caca- bæsj
7. Zorro-rev
8. Los Paises Bajos (landa nedafor)- Nederland

Og to logiske når ein veit at para er ein preposisjon som til dømes kan bety for og til: paraguas (alltid i fleirtal) -paraply og parasol- parasoll.

Humor er det også at dei refleksive verba "å gifta seg"- casarse og "å bli lei av" cansarse, er temmeleg like. Interessant er det også at "å vera gift" er estar casado/a. Estar viser til midlertidig (sinns)tilstand på lik linje som å vere fornøgd, vere lei seg etc. Altså er å vera gift på spansk slett ikkje så evigvarande tilstand som den katolske kyrkja likar å meine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar