Turistnæringa her i landet bruker ofte Spain is different som slagord. Eg tykkjer det passar for Sevilla. Trives svært godt som turist i byen, mange historiske bygg å besøkja, ei oppdatert handlegate og god mat på restaurantar og pubar i område som Santa Cruiz. Fleire større parkområde gjera at byen også har sine grøne lunger. Men i går var dei avstengt grunna forventa torever og store nedbørsmengder. Dei kom også- men berre eit par timar seint på kveld. I dag er veret fint att.
Tyrefektararenaen er ein av byens hovudattraksjonar. Deltok på guida tur der som inkluderer tyrefektarmuseet. Temmeleg spesielt. Her har dei til og med stilt ut utstoppa hovud av mora til oksen som drap ein kjent tyrefektar!
På ei lita churros-sjappe fekk me også kort briefing i korleis ein lagar ekte churros. Deig kokt i masse olje servert med varm sjokolade er ofte brukt som frukost her. Aller best fersk og må nytast i små mengder...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar