På dette kjempemuseet blir eg raskt minna om at min kulturelle kapital er nokså låg. Den allvitande audioguiden hjelper meg litt, men gjer meg også flau over manglande kunnskap om Dali, Miro og Picasso og alle dei andre. Den kontemporære utstillinga til Schütte derimot, får humøret tilbake. Eg meiner ikkje at kunst må vera morosam, men hundekunstverka hans er både søte og beroligande i ei elles for meg anstrengt kunstverd.
Men slapp av, eg fekk sett både Guernica av Picasso og mange av dei andre kjende verka som er strengt verna av nedstøva museumsvakter med karisma som eksamensvakter (uups, her fornærma eg vel ein heil generasjon). Dei står klare til å legga meg i bakken dersom eg skulle finna på å montera ned og stikka av med nokon av kunstverka.
Medan publikumskøen vaks framfor Guernica fekk eg ha mine hundefigurar for meg sjølv. Ei vakker oppleving når kunstkrampa held på å ta meg og gnagsårnivået tilseier påske med nye skisko...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar