lørdag 27. februar 2010

Hasta luego, Cadiz

 
Litt trist reisa, spesielt dei siste vekene har vore framgangsrike språkmessig. Men har mottatt diplom, feira med tapas og drinkar og har med heva hovud reist til Sevilla, som eg trur er ein av mine yndlingsbyar. No gler eg meg til sjå Tom Cruise og Cameron Diaz i filmen Knight And Day som truleg kjem til sommaren. Det er ikkje første gong Cadiz er brukt som kulisse for Hollywoodfilm. Faktisk er den velkjende "Veldreidd og bikinikledd Halle Berry kjem opp av vatnet etter dukkert"-scena i Die Another Day spelt inn på stranda der eg har pugga uregelrette verb:)
  
Ei lita oppsummering over byen eg har budd i 8 veker:
Pluss: 
-Strendene, trass i at vinteren har vore hard og for Costa del Luz
-Stort sett god mat, bortsett frå at gaditanarane har ein hang til å frityrsteika ihel fisk og skaldyr til ei kvar tid. 
-Palmer og sitron/appelsintre er alltid moro
-Mange eigna fotomotiv
-Spansk tv. Mykje spanande. Spesielt Espana Directo: rapporterer direkte fraa flaumomraade, kjedekollisjonar etter snofall og intervjuar arbeidsledige i okkuperte hus. Røffare utgave av Norge Rundt- kvar dag. 
-Masse trivelege folk

Litt mindre moro: 
-eltiempo.es: vermeldinga var stort sett alltid depressiv. Ironisk nok har La lluvia (regnet) vore ein radiostorhit:)
-Trange gater er sjarmerande, men klaustrofobiske til tidar. Kjensla av å bu på ei øy er stor i byen som ikkje kan ekspandera på grunn av at han ligg på ein smal halvøy. Mange er arbeidslause og tragisk økonomi gjer at byen ber preg av forfall. Utan vedlikehald vert flotte, historiske bygg berre triste.
-Husa i sør er utan oppvarmingsmoglegheiter.Kjem garantert ikkje til å sakna at det er kaldare inne enn ute når det er 10 grader og mindre ute...

mandag 22. februar 2010

Taxi eller hasj?

- Det er sjølvsagt dårlege strøk her også, men me viser dykk berre overklasse og middelklassestrøka, smiler vår guide for dagen medan bilen me sit i køyrer forbi ein stor plakat av kongen.
Søndag vart det tur ut av Europa. Ironisk nok drog eg til Tanger, den turistifiserte byen heilt nord i Marokko med Devold-ull inst på kroppen, regnjakke og posar i skoa. Til og med hua var med ombord på den gigantiske katamaranen til selskapet Frs, som gjer big business av turistar som meg: som berre mååå sjå litt Afrika før dei reiser heimatt. Masse regn og kald vind dominerer også kontinetet i sør for tida.
-Tanger er ein open og inkluderande by, veldig internasjonalt miljø, held guiden vår fram medan me manøvrerer oss mellom krydderseljande kvinner og levande høns på markedet. På eit gatehjørne kan ein mann tilby taxi. Då me ikkje er interesserte, lurer han i staden på om me vil kjøpa hasj. Truleg kan det meste kjøpast for pengar i denne byen. Og eg måtte visa passet heile fem gonger i reiseprosessen. Men prisen på turen var det ingenting å seia på. 55 euro, ein pakketur m guide og tur/retur-billett var merkeleg nok billegare enn å berre kjøpa tur/retur-billett. Ikkje ille pris og det skulle visa seg at maten me fekk servert på ein restaurant var utruleg smakfull: kylling med grønsaker og kanel (!), kjempegodt brød til, kebabspyd og coscos med gryte av kylling og grønsaker. Dessert var myntete og svært søt kake. Verd heile turen!
Men ein må vita kva ein går til. Kjøpepresset er stort og sjølv om guiden forsikrar at du ikkje må kjøpa noko i butikkane me er innom på ruta, opplevde mi gruppe at det vart temmeleg amper stemning mellom guide og butikkeigar då ingen av oss ville kjøpa krydder, trass i at han kunne hosta opp frasar både på tysk og nordisk. Så rekn med at turen bli langt dyrare enn 55 euro dersom du ikkje skal gjera butikkeigarar grinete. Ein får fort kjensla av å vera europearen som er stinn i gryn.
-Eg har ikkje noko imot at du gir meg litt pengar, seier guiden avslutningsvis før han skyssar oss inn på superekspressbåten att. Kanskje eg lir av framanfrykt utan å ønska det? Men eg må innrømma at eg var letta når siste passkontoll var unnagjort og folk rundt meg snakka spansk igjen. Kjente meg som dum, overpriviligert turist. Og at alt rundt meg er annleis etter ein 45 minutts båttur over havet.

onsdag 17. februar 2010

Hable con ella

Pedro Almodovar sin film Hable Con Ella frå 2002 fekk den norske oversetjinga "Snakk til henne". Noko som er ganske annleis enn tydiga på originalspråket "snakk med henne". Eg har lyst å bli snakka med. Eg har lyst å delta i ein ordentleg samtale. Nikka, seia "vale, pues, no me digas og ojala" på dei rette plassane. Men når eg ikkje kan språket godt nok blir eg snakka til. Ikkje med. Og svarer med einstavingsord eller "eg forstår ikkje".

I første etasje i leiligheita vår bur det ei krokete señora på om lag 100 år. I etasjen over bur det ei på omlag 80. Det er mogleg desse er i slekt. Når eg skulle ta heisen til leiligheita i går sto desse, og ei tredje, noko yngre dame og gjorde det nordmenn vil kalla krangla i døropninga til den eldste. Spanjolar derimot vil truleg omtala dette som daglegdags nabosamtale. Brått var eg på feil plass til feil tid.

80-åringen greip meg i skuldra i det eg gjekk forbi og lirte ut av seg ein monolog på om lag to minutt. Så tok ho pause, kika på dei andre og heldt fram etter eg hadde hosta fram "eg veit ikkje". Eg oppfatta berre 25 personar, ringa politiet og noko med heisen. Då eg endeleg kom meg derifrå kom eg på at det ho truleg prøvde uttrykka frustrasjon over, kan ha vore at ho tykte det var altfor mykje støy i huset i helga.  Eg forstår ho godt. Men kunne ikkje delta i hylekoret.

Er litt språkleg forvirra for tida. Høyrer dansk, svensk, tysk og engelsk dagleg i tillegg til spansken eg liksom skal læra. Eg samlar på ord og bøyingar, men dei berre svirra rundt sjølv om eg desperat håpar dei legg seg i høveleg rekkefølge og dannar ein meiningsfull setning. På spansk.
Det mest fornuftige eg klarte å hosta fram på galleribesøk hjå ein kunstnar denne veka var: det er vanskeleg å snakka om kunst. Trur kunstnaren var einig:)

Eg har lyst å snakka, men dei rette orda og preposisjonane dukkar opp akkurat for seint. Prosessen "finn rett verb, finn ut om du snakkar i notid, fortidsforma indefinido eller imperfecto eller kanskje futurum og bestem deg for om det er eg, du eller kanskje dei som utfører verbhandlinga" tek altfor lang tid. Når temaet har skifta og samtalen ikkje lenger handlar om dagens middag, men arbeidsløysa i spania har eg endeleg funne ut korleis eg skal seia at nordmenn et mykje poteter.

Uansett. Har lært litt. Her er mine spanske favorittord nett no:
1. I olympisk ånd: Salto de esqui- skihopping
2. Pastor Aleman- Schäferhund
3. Maremoto- tsunami
4. Terremoto-jordskjelv
5. Macedonia- nektarin
6. Caca- bæsj
7. Zorro-rev
8. Los Paises Bajos (landa nedafor)- Nederland

Og to logiske når ein veit at para er ein preposisjon som til dømes kan bety for og til: paraguas (alltid i fleirtal) -paraply og parasol- parasoll.

Humor er det også at dei refleksive verba "å gifta seg"- casarse og "å bli lei av" cansarse, er temmeleg like. Interessant er det også at "å vera gift" er estar casado/a. Estar viser til midlertidig (sinns)tilstand på lik linje som å vere fornøgd, vere lei seg etc. Altså er å vera gift på spansk slett ikkje så evigvarande tilstand som den katolske kyrkja likar å meine.

mandag 15. februar 2010

Meir amor i vente



Reknar med at mine lesarar lengtar vilt etter å få vita kva som skjer i El Nombre Del Amor. Har sett på med ujamne mellomrom, men som det seg hør og bør jamfør såpesjangeren sin natur, er det rimeleg lett å kætsja opp. Her er eit raskt resyme over dei siste vekenes høgdepunkt:

Emiliano har ikkje gitt opp håpet om å vinna tilbake den jomfruelege og naive Paloma-rollefiguren sin gunst. Men sidan ekskjærasten viser seg å vera gravid og farsskapstest (moglegens manipulert) viser at han er far til barnet, er det ikkje rart Paloma har gitt han ein kald skulder. Derfor lever han i eit proformaekteskap med den usympatiske, men pengesterke eksen- medan han framleis prøver overtyda Paloma om at hjartet hans berre har plass for ho. Paloma derimot har blitt god ven med ein spirituelt interessert kunstnar.
 
 
Fader Cristobal, som ikkje her reint lite ulik Fritz Wepper eller Harry Klein , har brått hamna i fengsel, det har også ei dame han har hatt eit forhold. Kvifor, har ikkje spansken min klart å fanga opp, men den onde Alexis-figuren Macarena (!) har meir enn ein finger med i spelet. Ho sit også på svært avslørande kyssefoto av faderen og dette kvinnemennesket. Og får presteskapet snusen i dette, heng yrkeskarrieren og truverdet i ein tynn tråd. Heile landsbyen engasjerer seg for å få sin moralske frontfigur ut av det som med norske augo ser ut som svært langvarig varetektsfengsling, der han stadig vert terrorisert av ein medfange med Arnold Schwartzneggerliknande utsjånad. Til Paloma, og dei andre elevane sin fortviling, har fader Cristobal også blitt avskjediga som etikk-lærar på den hyperkatolske skulen.
 
(orsak dårlege mobilbilder frå min tv)
Faderen har hyra inn ein ultrakjekk, lokal advokat som gjerne diskuterer saka med dei andre rollefigurane, som forsvarar. Men også han tviler på faderens uskuld. Spesielt når det byrjar gå rykter om at Paloma, så langt beskriven som foreldrelaus og som bur hos ei eldre dame i landsbyen, likevel ikkje er så foreldrelaus.

Ryktene går nemleg ut på at onde Macarena er Paloma si kjødelege mor- og fader Cristobal er faren. Framhald er mogleg...

søndag 14. februar 2010

Tid for Fiesta


Karnevalet i Cadiz er i gang. Spanjolane elskar sine fiestaer og må ha verdsrekord i tal offentlege fridagar. Mange er berre regionale- karnevalet her i byen er rekna som det viktigaste i Spania og varer 11 dagar til ende. I går var den store kvelden for utkledning hjå folk flest.

 
I berre 5 plussgrader vart det festa til tidleg morgon og teknisk etat kom for å fjerna tonn med flasker og konfetti. 

lørdag 13. februar 2010

Emigrant med kalde fingrar

 
I dag starta karnevalet i Cadiz. Eit fenomen verken eg eller danskane heilt forstår. Derfor tok me turen til ein naboby, Rota. Ein typisk sommaridyll, badeby, som no på vinteren er temmeleg roleg. Kom over desse to (tre) som trufast venta på eigaren på hageflekken sin. 

 
Varmen har ikkje tenkt å koma til Spania heller med det første. Allværsjakka har kome godt med, og går ikkje langt utan at pologensar og ullgensar er i nærleiken. Men sitronane ser ut til å trives i kulden:)
 
Tok ekspressbåtliknande katamaran tilbake til Cadiz også. Ikkje verst å kryssa Atlanteren i ekspressbåt:)





tirsdag 9. februar 2010

Fjelltur på spansk


I helga pakka eg det eg hadde av med meg av fjellutstyr til kystbyen. Det vil seia pass, våtserviettar, gnagsårplaster, reiseforsikring, europeisk helsetrygdkort- som eg ikkje forstår kva er- og laga niste av dansk rugbrød med kvitost, bananer og ein botella med agua.

Ut av byen, opp i fjella var dagens motto. Sierra de Grazalema vart Parque Natural i 1984 og ligg i området som også er kjent for sine pueblos blancos- kvite landsbyar. Å gå fjelltur heiter visst "hacer senderismo" på spansk og var spennande å testa ut. Bileta mine ligg her.

Me henta løyvet til å få i parken på ein lokal infostasjon i landbyen El Bosque, som rett og slett betyr skogen. Så måtte ein vakt kontrollera løyvet vårt, ønska oss god tur og så bar det avgarde. Men sjølvsagt ikkje før mitt turfølge hadde fått i seg desayuno- frukost beståande av krutsterk kaffi, toasta brød med smør og olivenolje. Knall oppladning:)

Gjekk i 4-5 timar på god sti, i dette området kan ein gå frå landsby til landsby, men sidan me hadde bil, vart det tur-retur på oss. Såg kjøtmeis og granliknande tre og langt i det fjerne kunne me sjå snøkledde fjell. Fekk litt heimlengsel då må eg innrømma:) Når me var tilbake til bilen var alle einige om at det hadde vore ein fin tur.

mandag 8. februar 2010

Flamencåååå

Eg har alltid tenkt på flamenco som ein dans utført av damer i høghæla klikk-klakk-sko med store kjolar og tilhøyrande vifte. Men som innbyggar i folkemusikkstilartens vugge, Andalucia, har eg fått oppleva at ein god flamencoframføring ikkje alltid inneheld dans.

Denne helga heldt Pedro Sara og Yves Vandewalle flamencokonsert (mms-bildet under gir ikkje det beste itrykket, men....) på ein av dei lokale pubane, La Pijota. På flamencokonsert drikk ein leskande tinto de verano, medan ein lyttar til store kjensler uttrykt med sterk, gjerne tobakksprega røyst. Tekstane handlar om el amor, el corazon, el pasion og el mar, som spanjolane  akkopagnementet er kløktig gitarspel, gjerne improvisert. Publikum og artistar klappar i uviss takt under seansen. Og det er heilt på sin plass å ropa Olè! innimellom.

Laurdag nådde kvelden høgdepunktet då ei lita dame på om lag 85 år, som ivrig følgde artistane frå plassen sin ved eit bord nær scena, plutseleg røyste seg opp, gjekk ut på golvet og dansa, klappa og song med.

Så var det slutt og publikum gjekk vidare til neste bar. Meir billeg drikke- denne gong med spansk pop-musikk frå ei lokal gruppe. To konsertar heilt gratis. Det kan eg lika! :)

fredag 5. februar 2010

Dorsk helg og arven frå Astrid Lindgren

Eg har alltid undra meg over kvifor nordmenn eg kjenner som har opphelde seg i Danmark meir enn ei langhelg har begynt å snakka dansk med danskar. Eg har ikkje forstått kvifor det har vore så lett å legga av seg heimleg dialekt til fordel for språket i sør.

Men med danskar i klassen har eg plutseleg sjølv gått over til dorsk.  Å enkelt byta ut dei mest framandarta sogneuttrykka til fordel for eit meir spiseleg norsk-dansk slik at danskane kan forstå. Og slik at eg slepp å snakka engelsk eller (gud forby) spansk med folk frå nabolandet. Pinleg? Og kvifor er det slik? Eg trur ikkje eg er flau over språket mitt. Det fell seg berre naturleg. Norsk, i alle fall bokmål, kjem av dansk. Og eg reknar med me har mange lånord frå moderne dansk også. Men eg stussar likevel litt over at kvifor danskar eg har møtt- og svenskar for den del, forstår så lite norsk.

Min påstånd ut frå mine sparsame erfaringar: For meg ser det ut til at nordmenn forstår både dansk og svensk godt. Danskar forstår bra norsk, men ikkje alt. Svenskar forstår ein del norsk, men lite dansk. Altså er nordmenn mest tilpasningsdyktige. Eller?:) For meg er skriftspråka norsk (bokmål) og dansk temmeleg like. Eg kan lett lesa ei bruksanvisning på dansk og henga med i ein samtale. Svensk er ørlite vanskelegare å lesa. Men dei fleste svenske dialektane går greitt å forstå munnleg. Då kan det vera verre med nokre danske lokale særtrekk. Eg trur det er Astrid Lindgren si forteneste at munnleg svensk er lett å forstå for nordmenn flest. Kor mange timar har ikkje min generasjon site framfor tv-en og fått Emil, Pippi og alle dei andre heltane servert på orginalspråket?

Og kanskje er hypotesen at jo jo fleire gode tv-seriar og filmar eit land produserer, jo større sjanse er det for at folk i andre land får kjennskap til språket. Eg trur svenskane og danskane har vore flinkare til å pusha sine produksjonar til Noreg enn omvendt.

I spania lærer ungane engelsk frå 9-10 års alder. Likevel kan få engelsk. Eg trur mykje av grunnen til det er at alt av tv-program og filmar er dubba. Korleis læra eit språk dersom du aldri blir eksponert for det? Ryktene seier at sjølv ikkje den spanske statsministeren snakkar engelsk i det heile. Ikkje andre språk heller. Eg veit ikkje om det er sant, men eg er i alle fall glad for nesten dubbingfrie tv-kanalar i Noreg. Eg trur dei fleste nordmenn har fått mykje språkopplæring gratis ved å sjå tv. Og at eg berre fekk ein tyskspråkleg tv-serie inn i stova mi under oppveksten er grunnen til at min tysk begrensar seg til "Haben Sie Angst?" og "Was ist los?" frå skumle Derrick.

mandag 1. februar 2010

El fin de semana

 
Laurdag var det ny utflukt med skulen, denne gongen til El Puerta Santa Maria, ein by med mykje skaldyr, båtar, gamle bygg og overfylte kafear. Og ekspressbåt:) som me nytta på tilbaketuren. 


Byen har også ein stor ansamling av svære fulgar som titta ned på oss frå taket der dei tydlegvis har etablert seg. Eg trur eg veit sånn ca kvar ungar kjem frå, og no veit eg også kvar storken held til:)
  
  
Stork laxar på gamalt bygg
Så nær kom me. Tyrefektararenaen var ikkje open. Heilt greitt for meg. 

Laurdag kveld var det uteliv, snakking på framande språk eg ikkje kan og mange svært billege mojitos i omløp. Det resulterte i svært roleg søndag...