Nett da eg trudde vinteren hadde sleppt taket baade i gamlelandet og Spania hoppa temperaturen nedover att og Barcelona kunne arrangert vinter OL. Har droymt om silkefore og norske fjell ei tid, men om nokon sender skia mine blir eg gjerne verande her:)
La Rambla har sin sjarme- ogsaa i full vinterdrakt. Takk Ulvang og Devold igjen for aa gjera sitt for aa halda meg varm i middelhavsbyen i mars- i gaar hadde dei gjort gode pengar paa aa etablera eit lite utsal i turistruta mellom hovudgatene og La Sangrada Familia. Fascinerande aa sjaa store og smaa saa glade og oppspelte paa grunn av litt uventa kald nedbor. Fotograferande menneske over alt. Blir nesten rort!
Que frio! Hace sol! Spanjolane er minst like opptekne av veret som nordmenn har eg erfart etter godt over to maanader her. Faa ting er lettare aa snakka om og aa samanlikna ver og foreforhold faar alltid praten i gang.
tirsdag 9. mars 2010
onsdag 3. mars 2010
Blei du glad no?
Eg veit ikkje kva du ser når du ser på denne figuren. Men eg vart glad og lukkeleg og ville berre sjå og sjå og klappa litt på dette dyret. Thomas Schütte er opphavsmann og Hund II og eg vart vener på Museo Nacional Centro de Arte Reina Sofia i Madrid.
På dette kjempemuseet blir eg raskt minna om at min kulturelle kapital er nokså låg. Den allvitande audioguiden hjelper meg litt, men gjer meg også flau over manglande kunnskap om Dali, Miro og Picasso og alle dei andre. Den kontemporære utstillinga til Schütte derimot, får humøret tilbake. Eg meiner ikkje at kunst må vera morosam, men hundekunstverka hans er både søte og beroligande i ei elles for meg anstrengt kunstverd.
Men slapp av, eg fekk sett både Guernica av Picasso og mange av dei andre kjende verka som er strengt verna av nedstøva museumsvakter med karisma som eksamensvakter (uups, her fornærma eg vel ein heil generasjon). Dei står klare til å legga meg i bakken dersom eg skulle finna på å montera ned og stikka av med nokon av kunstverka.

Medan publikumskøen vaks framfor Guernica fekk eg ha mine hundefigurar for meg sjølv. Ei vakker oppleving når kunstkrampa held på å ta meg og gnagsårnivået tilseier påske med nye skisko...
Der oliven gror
Sevilla var fantastisk, men frisk luft har aldri skada. Før eg sette meg på den skandaløst billege og effektive nattbussen Sevilla-Madrid, ca 500 kilometer unnagjort på 6 timar og 19,5 Euro, var det tid for landsbygd.
Me tok bussen ut av byn, til pittoreske Constantina, største "byen" i Sierra Norte naturpark. Her er det milevis med stiar og traktorvegar å utforska og "hacer senderismo" i. Landskapet er prega av masse oliventre nær gardane, kastanje- og eikeaktig tre.
Me nådde heldigvis siste buss tilbake til storbyen med god margin og rakk å bli passeleg kjent med den lokale puben.

mandag 1. mars 2010
Sevilla es differente
Turistnæringa her i landet bruker ofte Spain is different som slagord. Eg tykkjer det passar for Sevilla. Trives svært godt som turist i byen, mange historiske bygg å besøkja, ei oppdatert handlegate og god mat på restaurantar og pubar i område som Santa Cruiz. Fleire større parkområde gjera at byen også har sine grøne lunger. Men i går var dei avstengt grunna forventa torever og store nedbørsmengder. Dei kom også- men berre eit par timar seint på kveld. I dag er veret fint att.
Tyrefektararenaen er ein av byens hovudattraksjonar. Deltok på guida tur der som inkluderer tyrefektarmuseet. Temmeleg spesielt. Her har dei til og med stilt ut utstoppa hovud av mora til oksen som drap ein kjent tyrefektar!
På ei lita churros-sjappe fekk me også kort briefing i korleis ein lagar ekte churros. Deig kokt i masse olje servert med varm sjokolade er ofte brukt som frukost her. Aller best fersk og må nytast i små mengder...
Abonner på:
Kommentarer (Atom)